| |
Historie
Kårstad Transport AS vart starta med ein tømmerbil i 1978 av
Roar Kårstad. Seinare vart familieselskapet Kårstad Transport AS
danna. I 1999 flytta bedrifta inn i nye lokalar på Storehaug
like ved E39 mellom Førde og Sande. All verksemda til Kårstad
Transport AS er samle på Storehaug i eit moderne anlegg med
kontorfløy, verkstad, terminalanlegg, dieselanlegg og ein vaskeplass.
Vi har i dag ein ny og moderne bilpark som er fleksibel for det
meste innan transport. Bilparken er samansett av vogntog, semitrailer,
tømmerbilar, kranbilar, vogntog med opent plan, distribusjon bilar
og tippbilar.
Nokre nøkkeltal:
- 55 transport einingar i Kårstad Transport AS sitt system.
- 110 millionar kroner i omsetning vart passert i 2008.
- 70 tilsette.
- I 2008 feirar Kårstad Transport AS 30 års jubileum.
| |
|