Framside
Lokalisering
Kontaktpersonar
Nyheter
Transport
Godsterminal
Verkstad
Drivstoff anlegg
DHL pakkespor


Bilpark
Andre tjenester
HMS
Historie
Stilling ledig








Bilpark

Kårstad Transport AS har i dag ein ny og moderne bilpark, som er fleksibel for det meste innan transport. Bilparken består av 53 einingar, samansett av vogntog, semitrailerar, tømmerbilar, kranbilar, vogntog med opent plan, distribusjon bilar og tippbilar.


Kårstad Transport har fire flisbilar. Dette er fleksible vogntog med god lasteevne. Det er hydraulisk opning på tak og side, samt tipp.

Kårstad Transport AS har 16 opne semiar i trafikk langs kysten frå Stavanger til Hammerfest. Offshore gods er ein av kundegruppene.

Kårstad Transport har tre tømmerbilar i dagleg trafikk. Desse bilane lastar mange gongar i terreng der du ikkje forventar å møte eit vogntog! Tømmeret som blir last vert levert til Sunnfjord Sag AS som ligg i Bygstad.

Kårstad Transport er hovudtransportør for DHL i Sogn og Fjordane. Kvar yrkedag kl 20 går det ein Kårstad bil med stykkgods frå DHL terminalen på Berger i Oslo.

Kårstad Transport AS - Storehaug - 6977 Bygstad - Telefon: 950 18 300 - Telefax: 577 18 301 - epost: Velg kontaktperson